fbpx

Barnefilmfestivalen 2019

Barnefilmfestivalen 2019

Velkommen til en trivelig og sosial opplevelse for store og små! Mer info

Bergsem og landsmøte 2019

Bergsem og landsmøte 2019

Velkommen til Bergen på filmklubbtreff og landsmøte 22-24.mars! Mer info

Hva er en filmklubb?

Filmklubber er ideelle foreninger som viser både klassikere og nyere filmkunst fra hele verden.

Filmklubbminne: All you need is love

Filmklubbminne: All you need is love

Norsk filmklubbforbund feirer 50-årsjubileum. I den anledning har vi spurt et utvalg filmklubbfolk om deres beste filmklubbminner. Gunnar Strøm er dosent ved Høgskulen i Volda.

GunnarStrøm foto OlavStandalTangen Norsk filmklubbforbund
«Eg hadde neppe blitt filmvitar utan impulsane frå Verdensteateret i Prinsensgate».

 

Eg møtte filmkunsten gjennom Trondheim Filmklubb. Og filmen som sterk stemme i samfunnsdebatten. Filmklubben opna mitt forhold til kunst og kultur på same måten som klippekortet vi elevane hadde til Trøndelag Teater. Eg hadde neppe blitt filmvitar utan impulsane frå Verdensteateret i Prinsensgata.

Eg vart dessverre ikkje med i styre og stell i Trondheim Filmklubb. Men eg har halde mange foredrag og presentert favorittfilmar i filmklubbsamanheng over heile landet. Ei stund var eg med i redaksjonen av filmtidsskriftet Z. Der publiserte eg dei første artiklane om dei fantastiske animerte reklamefilmane for Tiedemann-sigaretter frå 1930-talet. Tusen takk Jon Iversen og alle dokker andre. (Minnet fortsetter under illustrasjonen).

Faksimile Z fargesymfoni i
Faksimile fra Z nr 1-1992. Fargesymfoni i blått – Norske animerte tobakksreklamefilmar frå 1920- og 1930-åra.

Eg hugsar med glede at Tor Fosse inviterte meg til Bergen for å vise og presentere min animerte favorittfilm: Yellow Submarine. Det var ikkje lett å finne 35mm-kopi av Yellow Sub på 90-talet. Det fiksa sjølvsagt Bergen Filmklubb.

No blir Yellow Submarine relansert fordi den også er 50 år. 50 år berre halvvegs til 100. Snakkast i 2068! ALL WE NEED IS LOVE.

Flere filmklubbminner:
Tor Fosse
Tonje Hardersen
Øistein S. Refseth
Ingrid Kristin Dokka
Guttorm Petterson
Geir Kreken
Svein Inge Sæther
Jon Rognlien
Hege Jaer
Jens Berger
Hilde Kjos