Beat-poetane (16mm)

Beat-poetane (16mm)

Norge, 21 min, norsk tale, 1993
Produsent: Sund/Alfheim Film
Regi: Klara Sund, John Alfheim

Film om to gutar, 12-13 år, på leit etter eit nytt ideal. Passar fra 12 år.

Medan kameratane forlengst har begynt å smake på øl og jenter, ligg Kåre og Gunnar framleis oppe i utmarka og leikar cowboy. Etter eit bittert nederlag erkjenner dei at tida har gått frå dei, og dei må på leiting etter eit nytt ideal. Gjennom avisartiklar får dei kjennskap til Beatgenerasjonen i Amerika: Allen Ginsberg, Jack Kerouac og full gass langs endelause vegar. Dei skaper sin lokale Beat-poet-variant og lever trufast etter den nye identiteten sin heile sommaren til endes. Filmen er laga etter novella «Dei siste Beat-poetane i Midthordland» av Ragnar Hovland og passar frå 12 år.