Eg heiter Domilia, eg er inuit

Eg heiter Domilia, eg er inuit

Tyskland, 2001
Regi: Reinhold Schnatmann
Med: Kjersti Paulsen (norsk fortellerstemme)
Foto: Otmar Scmid
Produsent: Focus multimedia
Aldersgrense: tillatt for alle
Lengde: 40 min.
Format: DVD

Dette er ein dokumentarfilm om ei lita inuit-jente på Grønland i dag. Mange er ikkje fangstfolk, men kjøper maten sin i butikken. Domilia har ein stor familie og bur i eit hus. Dei lever likevel i pakt med naturen og tradisjonane. Selfangsta er viktig og dei et gjerne på golvet med kniven som einaste verkty. Mor til Domilia steller heime medan far jobbar som vaktmeister på skulen i bygda.