Frame up (1993)

Frameup er ein satirisk roadmovie der alle naudsynlege ingrediensar er med: To elskarar i ein stolen bil, sex, valdsame ran og til slutt døden. Likevel er den garantert annleis enn alle andre roadmovies du har sett. Hovudkarakterane Beth-Ann og Ricky-Lee riv raskt ned mytane vi kjenner så godt frå par som Bonnie og Clyde, Captain America og Billy eller Thelma og Louise. Trass deira sjølvproklamerte lukkelege fridom har sjåaren ei ganske anna oppleving av situasjonen.

For det fyrste er ikkje Ricky-Lee og Beth-Ann framstilte som korkje heltar eller såkalla antiheltar, men som samfunnstaparar (rett nok ganske klisjeaktige slike), og dei er ikkje eksponentar for noko ungdomsopprør eller ein «alternativ» livsstil til den småborgarlege heimehygga. Dei er beint fram berre eit par «losers» som ein av karakterane i filmen uttalar det. Slik sett er dei nok nærare kriminalstatistikkane enn dei fleste filmheltar.

Ikkje berre framstillinga av hovudkarakterane, men òg forteljarmessige grep som kameravinklar, biletutsnitt, animasjon og i fyrste rekkje tidsbruk gjer at dette ikkje er nokon actionfilm, sjølv om dei vanlege handlingselementa i ein slik film er til stades. Lange opptak med stasjonært kamera – som ikkje naudsynlegvis femner om eller fokuserer på det dramatisk mest interessante – eller animerte sekvensar som «komprimerer» historia i tid, gjer at ein som sjåar aldri får så mykje som fem minutt til å gli inn i fiksjonen og lata seg bli med i forteljinga, men heile tida blir minna på at det er film ein ser.

Jost er i høgste grad ein av dei mest interessante og verkeleg uavhengige independentfilmskaparane i USA i dag. Filmen kan lesast både som som ein samfunnskommentar, og som ein kritikk av mediet – eller konvensjonane og grensene som filmindustrien (Hollywood) set. Filmen er ikkje berre ein kommentar til fiksjonen si romantisering av individuell vald og folk som lever i randsonene av det som er «samfunnet». Dette gjeld folk som i det røynlege livet ofte er taparar i det same systemet. Men filmen er òg ein kritikk av det offentlege (valdsapparatet) sitt svar på dei problema og konfliktane det skapar at nokon fell gjennom i konkurransesamfunnet, utan at Jost tar frå nokon deira personlege ansvar for eige liv.

På dette viset klarar Jost å lyfta seg ut av klisjeane han nyttar på ein måte som gjer filmen langt meir interessant enn til dømes David Lynch sine freistnader på å fornya genrefilmen og annleis enn dei meir vellukka prosjekta til Quentin Tarantino. Men samstundes gjer han òg sjølvsagt filmen mindre kommersiell – i tydinga mindre tilgjengeleg i og med at han nyttar eit biletspråk og ein tidsbruk som er uvanleg, for ikkje å seia fråværande, i den industrielle filmproduksjonen. Men for den som nyttar ti minutt til å koma inn i filmen sin rytme vil den vera ei forfriskande og morosam oppleving.

gk
Trondheim filmklubb


Regi:

Med: Howard Swain, Nancy Carlin
Lengde: 91 min
Aldersgrense: 15 år
Tema: ,

35mm
Engelsk