Reisa til fjørkongens rike

Reisa til fjørkongens rike

Original tittel: Resan til Fjäderkungens Rike
Regi: Esben Toft Jacobsen, Sverige, 2014
Lengde:78 minutter
Genre: Animasjonsfilm, eventyr, barnefilm
Manus: Jannik Tai Mosholt og Esben Toft Jacobsen
Redigering: Elin Pröjts
Musikk: Nicklas Schmidt
Produsenter: Petter Lindblad, Sarita Christensen, Jessica Ask og René Sørensen
Produksjonsselskap og finansier: Copenhagen Bombay, Noble Entertainment, Film i Väst, , Det Danske Film Institutt, Det Svenske Film Institutt, C More Entertainment, TV2 Danmark, TV4 Sverige, MisLabel, Nordisk Film- og Tv-fond og Film & Kino
Norske stemmer: Martin Svendsen Dimmen, Svein Roger Karlsen, Hans Morten Hansen, Rita Eriksen, Sigmund Sæverud og Sally Nilsson
Norsk versjonering: NorDubb Studios ved Morten Lange
Oversett til nynorsk av: Astrid M. Grov
I den norsk trailer og filmen er Tir n’a Noir med. Songen er framført av Vamp m/Rita Eriksen (Øyvind Staveland/Kolbein Falkeid) © 1993 MajorForlaget. Musikken er klarert via EnkelKlarering.no
Format: DCP (også 3D), DVD (bookes direkte fra Kontxt film, byråets priser gjelder)

Vesle Johan bur saman med far sin på ein båt, noko som er uvanleg for kaninar. Men dei bu der fordi faren er redd for Fjørkongen, som har teke mor til Johan. Ein dag når faren er på land, høyrer Johan ein viktig melding på radioen. Det blir starten på eit stort eventyr.
Denne moderne og vakre fabelen fekk publikumsprisen under Kristiansand Barnefilmfestival i 2014 og mykje skryt frå media då den gjekk på kino: «En ettertenksom, melankolsk, drømmereise som ser ut til å ha dratt inspirasjon fra Astrid Lindgren, Studio Ghibli og H.P. Lovecraft» (Dagsavisen).
«Gitt at svenskene har langt lavere budsjetter enn de store Hollywood-studioene, er dette likevel en imponerende produksjon. Og dessuten en historie som inviterer til samtaler om noen av livets store og vanskelige spørsmål. I Norge får filmen god drahjelp fra dubbingen, som for en gangs skyld er en nytelse å høre» (BT).
«“Reisa til Fjørkongens Rike” er på mange måter en uhyre tøff, varm og voksen barnefilm som aldri slipper taket i barnets fantasi» (Filmsnakk.no).
NRK gav filmen terningkast 5 og sa: «tegningene og animasjon er lekkert utført, med personlighet i stilen og teknisk perfeksjonisme i de visuelle manipulasjonene».
Filmen er KontxtFilm sin første på nynorsk og eg vil takke regissør Esben Toft Jacobsen og Copenhagen Bombay at han sa ja til dette. Eg må sei at det følast heilt naturleg at den kjem i vestnorsk språkdrakt. Filmen er utroleg nok den første animasjonsfilmen på kino som kjem på nynorsk. Joda, andre filmar som bland anna Dragetrenaren og Slipp Jimmy Fri som har hatt gode innslag av dialektar og nynorsk bruk. Men Fjørkongen er først ute å vera heilt og halden ein nynorsk lansering.
Eg vil takke Morten Lange og NorDubb for at dette var mogleg. Og at vi er stolt over dei gode stemmane vi fekk tak i, slik som unge Martin Svendsen Dimmen frå Ulsteinvik i Johan rollen. Svein Roger Karlsen og Rita Eriksen som foreldre. Hans Morten Hansen som rabulisten Bill. Og så til slutt to levande legender i norsk teater, Sally Nilsson som kapteinen og Sigmund Sæverud som spelar sjølvaste Fjørkongen.
Fortellingar om underverda fins i alle kulturar, og er eit mykje brukt tema i både film, litteratur og musikk. Vamp sin song Tir n’a Noir, som er basert på eit dikt av Kolbein Falkeid er nok den mest kjente songen om dette i Norge. Eg er veldig glad for at Øyvind Staveland og Kolbein Falkeid var positive til at denne kunne bli en del av traileren. Eg synes jo det var svært passande å bruke, sidan Rita Eriksen både syng i den og spelar mamma i filmen.
Filmen er no tilgjengelig på ulike VOD plattformar, deriblant AltiBox, der du faktisk kan eigen den digitalt for evig tid. DVD kan man også bestilla, det er berre å ta kontrakt. DVD-utgåva inneheld bonus-materiale som trailer med Vamp sin vakre song Tir n’a Noir, korleis filmen blei til og kortfilmen Kakelakken med den stygge frakken. Takk til Noregs Mållag for støtte til DVD utgjevinga og regissør av Kakelakken Martine Grande får at hun vil visa sin fine kortfilm saman med Fjørkongen.
(Omtale Stig, distributør)