fbpx

Hva er en filmklubb?

Filmklubber er ideelle foreninger som viser både klassikere og nyere filmkunst fra hele verden.

Da Beatles kom til Sæbø

Da Beatles kom til Sæbø

Tony Palmer, mannen bak musikkdokumentarer om Beatles og Richard Wagner, sparte ikke på historiene da han besøkte Hjørundfjord filmteater i Sæbø i helgen. Les deres stemningsrapport!

«Etter månader med meir eller mindre koronastengt filmklubb var det duka for sesongstart for Hjørundfjord Filmteater.

I samband med Sunnmøre Kammermusikkfestival kom regissør Tony Palmer på besøk. Den 80-år gamle legenda har laga over 100 filmar, og dokumentarar om både populærmusikk og klassisk musikk har vore hoveddelen av karriera, dog også spelefilm.

Vi fikk besøk av mange internasjonale studentar til framsyninga, som saman med lokale filmklubbmedlemmar og styret ble ein dynamisk gjeng saman med Gunnar Strøm frå Høgskulen i Volda og sjefen sjøl.

Tony vart att i bilen i over ein halvtime utanfor lokalet da han hadde store vanskar med å få papir i orden med koronatesting og pass i samband med reise tilbake til England. Humøret var deretter og han måtte til slutt hentast fysisk inn. Men då var han i gang.

Tony palmer
Tony Palmer (foto: Hjørundfjord filmteater).

Med Lennon i forkledning

Han snakka på innpust og utpust: Karrierestart tidleg 60-tal, då han måtte vise John Lennon i forkledning rundt på Cambridge i 1963, Richard Burton som Richard Wagner, og ikkje minst det store arbeidet med den monumentale musikkdokumentaren «All you need is love» frå 70-talet som tek for seg popmusikkens historie.

Det ble mykje snakk om Stanley Kubrick, som han kjente personleg, og det var veldig interessant å høyre dagligdagse historier om denne mytiske mannen, noko så alminneleg som handling på supermarkedet og bilturar. Og Tony har faktisk ein av monolittane frå 2001 heime (!).

Det var som om du kunne sjå mannen ligge i senga før leggjetid  og peke fram mot steinen mens Richard Strauss musikk spelte i bakgrunnen. Dette stykket ville han for øvrig vise klipp av, på ei øving med Wienerfilharmonien og Herbert von Karajan som han hadde laga. Det skulle spelast høgt, så det knaka i veggane.

Vi viste så filmen «All my loving» som var ein provoserande, rå og utfordrande film, som utvilsomt ga eit sterkt inntrykk. Det blei mykje diskusjon mellom regissør og publikum etter visninga.

DVD-salg i mørket

Han kunne truleg ha prata heile natta, men vi begynte å få dårleg tid og Tony vart både svolten og tyrst. Deler av styret fekk han med i ein bil, kjørte til det lokalet hotellet som hadde stengt kjøkenet, men fekk likevel servert biff og vin, og vi  hadde mannen for oss sjølve i ein times tid.
Det blei ein livleg filmatisk diskusjon før vi tok ham med på kammermusikkfestival og konsert med JS Bach sitt meisterverk «Die Kunst der fuge».

Etter konserten sto han utanfor og venta og ville selge oss DVD-ar (!), og vi måtte inn eit mørkt bagasjerom og skaffa oss nokon godbitar. Han takke pent for kvelden, forbanna britiske korona-styresmaktar og ga Hjørundfjord filmteater karakteren 11 av 10, noko vi må seie oss nøgd med».

Tor Grunde Simonsen
Hjørundfjord Filmteater