Kort og kaldt i Hammerfest

 

12. november skal Hammerfest Filmklubb for fjerde gong gjennomføre filmfestivalen Kort & Kald. Framsyninga skjer som vanleg utandørs i rådhusparken med eit stort og flott bilete på ytterveggen av bystyresalen. I hyggeleg mørketidsstemning skal det synast filmar frå heile verda for kvar smak og alder.

Festivalen opnar med gjensyn av klassiskeren Gråpus Som Forsvant, ein fin film frå 1956 for heile familien. Etterpå er det tid for ungdommen, 5 filmar som fortel om utfordringa ved det å vere ung. Den fylgjande norske blokken er full av splitternye produksjonar frå heile landet, mens den siste delen av festivalen vil gå langt over landegrensane…

Arrangementet er ope og heilt gratis for alle!

Kl. 1400 OPPSTART
– Gråpus som forsvant

kl. 1430 KORT & UNG
– Det var en gang en Cherroxx 6´
– Hangman 9´
– Der nede sørger de ikke 10´
– Elva bak huset 12´
– Stikk 17´

kl. 1530 KORT & NORSK
– Steinen fra stjernene 10´
– Skredder 3´
– Fest 10´
– Alt i alt 4´
– Resonances 11´
– Hand of god 1´
– Jenny 15´

kl. 1630 KORT & GRENSELAUS
– 405 The Movie 3´
– Pig me 7´
– Bukowski 9´
– Floating Head 2´
– Specto 5´
– The Death Grind 3´
– Rosalinda 10´
– Motus et bouche cousue 2´
– Her Mother’s Daughters 7
– Doktor Rao 7