
Kvar song ei soge (2016)
Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. KVAR SONG EI SOGE er ein film om dei som syng, som set pris på og fører desse songane vidare den dag i dag.
I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, 900 moh og tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar og skaper historie. Slik blir kulturarva levande i kvardag og fest frå vogge til grav.
Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i KVAR SONG EI SOGE fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim.
Amandanominert for beste dokumentar.
Norge
Regi: Aaslaug Vaa
Med: Inger Lien, Hillborg Romtveit, Marthe, Jarle Nordjordet, Britt Karin, Halvor Nordjordet
Lengde: 71 min
Aldersgrense: Tillatt for alle
Tema: Dokumentar, Kvinnelige regissører
Sist oppdatert: 14. desember 2023
Pris: 1000 kr + mva.
