Strong Hold

Strong hold (2004)

Merkelappen «søt film» har vel sjeldan passa så godt som til denne filmen. Niåringen Tom har uformeleg, krøllete hår. Synd det når moten er hår som står rett opp. Ingen gel kan hjelpe han, men så dreg mora opp eit triks av ermet: sukkervatn. Med det som gel, får Tom den høgste sveisen av dei alle, blir den kulaste i klassen, får kjærast og eit heilt nytt sjølvbilete. Men kor viktig er sukkeret eigentleg? Sant nok likar kjærasten å smake på det sukkerhaldige håret, men kva skjer når han går tom for sukker? Var det alt som gjorde han til ein suksess?

Strong Hold er ein feelgood-kortfilm for den yngre garde, og ein svært vellykka ein såleis. Den omhandlar viktige spørsmål som identitet, image og sjølvtillit med den riktige miksen av humor, oppturar og nedturar. Filmen er solid gjennomført i alle ledd av produksjonen, og dei unge skodespelarane gjer også ein framifrå jobb.

ØSL/Z filmtidsskrift nr 3/2004


Regi:

Med: Richard Reistad, Lise Herland, Marielle Wolfe
Lengde: 9 min
Aldersgrense:
Tema: , ,

35mm