Kort & Kald varmet Hammerfest

Laurdag 28.november gjennomførte Hammerfest filmklubb for åttande gong utandørs kortfilmfestivalen Kort & Kald i rådhusparken i Hammerfest sentrum. Heile ettermiddagen frå kl.1230-1600 vart det synt kortfilmar på ytterveggen av rådhuset. Arrangementet var eit ope og gratis tilbod for alle filminteresserte.

Programmet var vekslande og i hovudsak delt i fire kategoriar:

  1. Lokale produksjonar (Kort & Lokal)
  2. Filmar for ungdommen (Kort & Ung)
  3. Filmar frå Noreg (Kort & Norsk)
  4. Filmar frå heile verda (Kort & Grenselaus)

Festivalen vart opna med to spesielle lokale produksjonar frå nærmiljøet, naboøya Sørøy. Ein av desse filmane var produsert av skulen som ”demokratisk” filmprosjekt i «regi» av filmmakaren Christoph Kirchner.

 

Publikumet fekk høve til å sitje ute på benkane kring fontena – kledd i tjukke ullteppe og godt forsynt med gløgg og vaflar. Dei som ikkje tålte kulda kunne alternativt rømme til ”filmkafeen” på festivalhotellet Thon på andre sida av rådhusparken. Her var det tilbod på både filmtitting innandørs, kaffi og julegotteri…

 

Filmfestivalen er godt etablert men avhengig av frivillig innsats, hjelp frå private aktørar i det lokale næringslivet og stønad frå kommunen. Andre samarbeidspartnarar er bl.a. Capalbio Filmfestival i Italia, Nordkapp Filmfestival, Film og Kino og Norsk Filminstitutt.