Det nye nummeret av Z filmtidsskrift undersøkjer gjennom ei rekkje intervju korleis digitaliseringa har endra arbeidsvilkåra for regissørar, fotografar, distributørar og kinomaskinistar.
Den digitale røynda kom seint til filmverda, men i løpet av dei siste ti åra har så godt som alle delar av norsk filmindustri blitt digitalisert. Kamera er digitale, etterarbeidet er digitalt og filmane blir synt digitalt. Det særeigne med denne overgangen er at den er så altomfattande. Filmproduksjon og filmvisning er så stort og kostnadskrevjande at ein ikkje får den same parallelle røynda som i andre delar av kulturen. Ja, det er mogleg å kjøpe bøker digitalt, men ein kan framleis kjøpe papirbøker. Og aviser. Og vinylplater. Og kulepennar. Og akustiske gitarar. Men ikkje analog film. Om få år er analog film historie, og det er berre dei mest ihuga som vil vite kva det er.
Det rare med denne overgangen er at den har gått ut over eit format som alle i utgangspunktet var nøgde med. Dei aller, aller fleste filmfotografane hadde takka ja til å filme på 35 mm om dei hadde fått tilbodet. Ein har kome i ein absurd situasjon der ein ikkje bruker det beste opptaksutstyret, og heller ikkje det beste visningsutstyret. Det til tross for at spelefilmar kostar heilt avsindig mykje å lage. Den digitale røynda har blitt tredd ned over hovuda til dei som arbeider med film, utan at nokon har bede om det.
No er fulldigitaliseringa av norsk filmindustri like rundt hjørnet, om den ikkje allereie er her. Korleis har det endra norsk film?
Kjartan Helleve, temaredaktør Z nr 4 2012: Digitalisering
For meir info, se http://znett.com/2012/11/z-nr-4-2012-digitalisering/







