Norsk filmklubbforbund feirer 50-årsjubileum. I den anledning har vi spurt et utvalg filmklubbfolk om deres beste filmklubbminner. Gunnar Strøm er dosent ved Høgskulen i Volda.

Eg møtte filmkunsten gjennom Trondheim Filmklubb. Og filmen som sterk stemme i samfunnsdebatten. Filmklubben opna mitt forhold til kunst og kultur på same måten som klippekortet vi elevane hadde til Trøndelag Teater. Eg hadde neppe blitt filmvitar utan impulsane frå Verdensteateret i Prinsensgata.
Eg vart dessverre ikkje med i styre og stell i Trondheim Filmklubb. Men eg har halde mange foredrag og presentert favorittfilmar i filmklubbsamanheng over heile landet. Ei stund var eg med i redaksjonen av filmtidsskriftet Z. Der publiserte eg dei første artiklane om dei fantastiske animerte reklamefilmane for Tiedemann-sigaretter frå 1930-talet. Tusen takk Jon Iversen og alle dokker andre. (Minnet fortsetter under illustrasjonen).

Eg hugsar med glede at Tor Fosse inviterte meg til Bergen for å vise og presentere min animerte favorittfilm: Yellow Submarine. Det var ikkje lett å finne 35mm-kopi av Yellow Sub på 90-talet. Det fiksa sjølvsagt Bergen Filmklubb.
No blir Yellow Submarine relansert fordi den også er 50 år. 50 år berre halvvegs til 100. Snakkast i 2068! ALL WE NEED IS LOVE.
Flere filmklubbminner:
Tor Fosse
Tonje Hardersen
Øistein S. Refseth
Ingrid Kristin Dokka
Guttorm Petterson
Geir Kreken
Svein Inge Sæther
Jon Rognlien
Hege Jaer
Jens Berger
Hilde Kjos







